lørdag 20. januar 2018

Strikkedame

Dette kortet fekk svigerinna mi, som er veldig flittig med strikkepinnane, til 70-års dagen sin. Eg har laga eit liknande kort før, men har gjort nokre små forandringer på framsida og brukt andre mønsterark inni.

Mønsterpapir frå Studio light og Maja Design (inni), metall frå Korthobby, kantdies frå Spellbinders og tekststempel frå North Star Design.


Perler på endane av strikkepinnane , gamle perlemorknapper og metallhjørne frå Korthobby.


 Innsida

Scrappelyst: Alt er lov
Korthobby: Alt er lov
Scrapomania: Kort til damer

lørdag 13. januar 2018

Babykort med vellum

To babykort der blikkfanget er " Baby" som er stansa ut i mosegummi med glitter.
Heldigvis har eg ikkje gitt vekk desse korta ennå, for oppdaga nå at splittbindersen oppe til høgre på kort nr.1 er grønn i staden for turkis!! Det må eg fikse :)

Mønsterpapir frå Studio Light (nr.1) og Papirdesign (nr.2),  babydies frå Marianne design og charms frå Korthobby. Mosegummi er frå Kort og Godt



Inni:   Tekststempel frå Norsk stempelblad. Tusen takk til deg Bente-Velkommen inn for denne flotte storkdiesen som eg fekk av deg i ein premie.

Kort nr.2

Inni.

Scrappelyst: Alt er lov
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby. (Facebook)

Scrapki-wyzwaniowo: Vellum-paper


http://scrapki-wyzwaniowo.blogspot.no/2018/01/january-2018-vellum-paper-1st-reveal.html

søndag 7. januar 2018

Rynker

Første kort laga i 2018 blei eit enkelt kort utan mykje pynt. Her er det tekst og motiv som får vera i fokus :)

Mønsterpapir frå Studio light (panel) og Marianne Design, dies frå Papirdesign og tekststempel inni frå Storyteller.




Scrappelyst: Alt er lov
Scrappesyken: Skisse