Hallgeir H. Langeland (SV) [10:01:19]: Det er kjekt å sjå bunadskledde folk i Stortinget. Når me kjem i bunad, er me jo i feststemning. Ein kan koma frå mange plassar i landet, eigentleg – kanskje er det frå Vik i Sogn, kanskje er det frå Stad skipstunnel, kanskje er det frå Ofotbanen i Narvik. Det kan vera frå mange plassar, for det er mykje å gleda seg over med den NTP-en me legg fram.
Noko av det som eg meiner me må få fram i denne debatten, er det som Framstegspartiet illustrerer med ansvarlegheita si når det gjeld global oppvarming – og oppvarming av norsk økonomi. Her ønskjer
Framstegspartiets transportfraksjon heilt tydeleg å distansera seg frå den ansvarlege linja som partiets nestleiar Solvik-Olsen forsøker å framstilla det som om Framstegspartiet har – som eit parti som er interessert i å gjera noko med klima, og som òg er interessert i å følgja handlingsregelen, som han uttalte til Dagens Næringsliv for ei tid sidan.
Der er ikkje transportfraksjonen til Framstegspartiet. Dei ønskjer å sitja på tribunen og ropa og ha rett, slik ein kan når ein sit på tribunen. Men dersom ein skal vera nede på banen og spela kampen, må ein visa vilje til det. Eg trur den eine tingen som gjer at ein kanskje kan seia at dei viser vilje til det, er at dei går inn for obligatorisk bombrikke. Då legg ein sjølvsagt opp til å vera med på eit landevegsrøveri i regjering. Om me skulle vera så uheldige at det blir ei blå-blå eller ei anna regjering enn den raud-grøne, trur eg veljarane til
Framstegspartiet nå berre bør innsjå at når Framstegspartiet har gått for bombrikke, er det ikkje fordi dei synest det er kjekt å køyra rundt med ein dings framme i vindauget, men fordi dei skal bruka den dingsen til noko, nemleg å flå bilistane – slik SV og dei raud-grøne gjer, ifølgje deira eigen retorikk.
Me raud-grøne viser gjennom vår handlekraft og gjennomføringskraft at me faktisk gjennomfører dei planane som Stortinget vedtar. Det har me illustrert nå i åtte år. Me har gjennomført dette – me vedtar ein plan og gjennomfører han. Det har ikkje skjedd før. Andre parti som har sete med Nasjonal transportplan, har ikkje klart å følgja han opp, men den raud-grøne regjeringa har altså gjort det.
For oss er det ikkje sånn at marknaden skal styra kor me investerer. Den raud-grøne regjeringa meiner det er viktig å investera i både by og land, fordi me
meiner at det skal bu folk i heile Noreg.
Men når ein ser på merknadene til Framstegspartiet og delvis Høgre, er det tydeleg at ein skal vera strategisk og investera dei store pengane der det er flest folk. Den raud-grøne regjeringa ønskjer faktisk å sørgja for at det er busetjing over heile landet. Derfor satsar me mykje på vegvedlikehald og på rassikring. Vegvedlikehald er f.eks. kjempeviktig for sånne som meg, som køyrer motorsykkel. Dersom det er dårleg vegvedlikehald, kan det vera dødsfarleg.
Så er det sånn at dette er eit kompromiss mellom tre parti. Det betyr, som Hoksrud òg illustrerte i sitt svar til meg, at det er ein del ting i eit kompromiss som ein ikkje nødvendigvis hadde prioritert dersom ein hadde hatt 50 pst. av stemmene, som SV ikkje hadde – men 6,2 pst. – i desse forhandlingane.
Men det er jo òg nokre store prosjekt, f.eks. Stordalstunnelen og Haukelitunnelen – som SV ser på som miljøtunnelar fordi ein slepp å køyra langt ned og langt opp og bruka masse drivstoff – der me nå gir signal om at dette kan starta tidlegare. Så er det litt gode signal knytte opp mot f.eks. ein veg som er ofte stengt, nemleg vegen over Vikafjellet, der me nå set av 100 mill. kr til å starta planlegging.
Me raud-grøne bruker 508 mrd. kr i denne NTP-en. 220 av dei milliardane er til grøn transport. Det betyr at den profilen som SV har fått til gjennom forhandlingane og dette kompromisset, er veldig prega av gode satsingar på bl.a. jernbane, bymiljø og sykkel. I det heile aukar NTP-en med 55 pst., og jernbane, bymiljø og sykkel aukar med 76 pst. i denne NTP-en i forhold til den førre.
Det vil bli reduksjonar i klimagassutsleppet, noko som er veldig sentralt for SV – at me ikkje skal investera for mykje, som gjer at me aukar klimagassutsleppa. Me veit jo at byområda er der dei største utfordringane er. Derfor er det ei satsing på bymiljøavtalar, der byane kan konkurrera om å få pengar frå staten til ein meir klimavenleg transportpolitikk, der færre reiser med privatbil og fleire bruker tog, bybane, bussveg, kollektivtransport og sykkel. Det er eit viktig gjennomslag for oss.
Me skal bruka 92 mrd. kr på jernbane dei neste åra. Me skal byggja IC i to etappar – innan 2024 og 2030. Det har ikkje vore veldig mykje bråk om det, sjølv
om SV i utgangspunktet hadde ei anna prioritering; me hadde dette høgare opp og ville ha det raskare gjennomført. Det blei gjennomført, og det er det viktigaste.
Så rustar me opp Bergensbanen for 5,2 mrd. kr. Ringeriksbanen har nå fått ein profil som gjer at han kan planleggjast, og me kan få ein tidlegare oppstart, kanskje allereie i 2018. Det er jo ei gammal, sår sak for SV som blei forhandla fram på starten av 1990-talet. Mens Arbeidarpartiet fekk gjennomført sin vegtunnel, blei aldri SV sin togtunnel realisert – men nå kjem han. Det er me veldig stolte av i SV.
Så er det òg ein del strekningar som me går offensivt i gang med å planleggja. Det eine er Sandnes–Egersund. Me opna jo 14. desember i 2009 dobbeltspor Sandnes–Stavanger, og fekk ein formidabel auke i talet på reisande på toga. Nå er det på tide å gå vidare, lenger sør i fylket, ned til Egersund, der det er mykje fjell og mange moglegheiter til å byggja bustader. Får me realisert eit raskt tog til Egersund, som seinare går vidare til Kristiansand og Oslo, er det klart at det gir moglegheit for å verna meir matjord til matfatet på Nord-Jæren.
Ein annan ting som me fekk til i sluttfasen av forhandlingane om NTP, var ein genistrek, dvs. samankoplinga mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen. Me var sjølvsagt veldig fornøgde med å ha fått moglegheit til å planleggja denne genistreken, som reduserer reisetida frå Rogaland til Oslo med inntil ein time.
Som sagt: Bilkøane veks, og i mange område er ein ikkje villig til å ta det skikkeleg alvorleg. Framstegspartiet gjer det motsett, for det er klart at når ein tar vekk bompengeringane – dersom ein får til det – blir det enda meir biltrafikk og enda større køar. Så der er Framstegspartiet partiet for meir bilkø og større tap for næringslivet ved å stå i kø. Men i mitt område, Nord-Jæren, har ordføraren og politikarane begynt å snakka om kva ein må gjera med omsyn til restriksjonar.
Det som det òg er viktig å nemna, er at SV gjerne vil ha samla både kyst og samferdsle i eitt departement. No har me jo statsråden her, så då får vi i alle fall snakka om nærskipstrafikken. Dei grepa som blei tatt for kystsektoren, er kjempeviktige med omsyn til å få meir transport på sjø. Alle politikarar seier at dei vil ha meir transport frå veg til sjø og bane. Me har jobba med den saka og gjort ein
del grep, så det skal ministeren ha honnør for. Men det er mykje meir å gjera akkurat der.
Heilt til slutt: Det er ein ting eg skal vera kritisk til når det gjeld den NPT-en me har – og det skal ein vera ifølgje Mao – og det gjeld finansiering av jernbane. Der er jernbanen diskriminert. Der bør me få til ei løysing som gjer at jernbanen kjem på like fot med dei andre. Det blir no investert 17 mrd. kr på Gardermoen, utan eit politisk vedtak. Når det gjeld jernbanen, må ein gå til Sigbjørn Johnsen kvart år og be om pengar.