og det har alle sikkert hørt og sagt mange ganger sjøl også, men tida flyr.....
Aaaaaltfor fort!
Oppsummering
Det er så masse eg vil gjere og rekke over, men eg har nesten ikkje tid til å tenke på alt eg har lyst å få til eingang! Og bloggen er ein av dei tinga som dessverre kjem til slutt!
Ikkje det at nokon merkar det, men eg merkar det sjøl... Eg synes det er koseleg å skrive ei blogg innlegg! Å sette seg med pcen med ein god kopp kaffi og laste opp litt bilder og skrive nokre ord!
Eg har jo aldri gått 100% inn for å blogge... Og eg føler ofte det er noko som eg ikkje har tid til! Og for kven sin del er det egentlig eg gjer det for?
Eg har gjort det for min eigen del, og for at familien skal kunne oppdatere seg på kva eg syslar og driv med!
Bloggen min blir på ein måte ei kreativ-mamma-husmor dagbok. Og kven vil lese det?
Og korleis får ein folk til å lese bloggen sin?
Eg er ingen fan av å utlevere meg eller reklamere for meg sjølv, men eg synes det er kjekt å vise fram ting eg gjer på for å kanskje inspirere andre... For det er det eg blir når eg vandrar rundt der ute i bloggverden!
Eg elskar og sjå korleis andre har det i heimane sine, kva dei har sydd/strikka/hekla og sjå bakverk og kaker dei har laga!
Men eg synes dessverre at altfor mange som bloggar, er mest opptatt av å vise kor perfekt dei har det og kor perfekt alle tinga dei lagar er! (Sjølv om nokon faktisk er ærlege og innrømmer at dagens interiør bilde vart tatt for tre veker sidan då huset faktisk sist var strøkent)
Om eg skulle vist fram heimen min ville det sikkert tatt ein dag å rydda alt vekk (bak ei dør eller inn i eit skap, eller i frå badet og inn på soveromsgolvet) og før eg va ferdig å rydde, ville nok storebror ha greidd å rote alle leikane utover stovegolvet igjen...
Så den type innlegg, med det "perfekte" bildet av den ryddige heimen, dei perfekt heva og steikte grovbrøda, får du nok ikkje her! Her er det snakk om ekte saker! Meeeen eg skal nok aldri sei aldri, for eg har lyst å vise heimen min også, for vi har det veldig koseleg synes eg, både med og uten rot.... Så i tilfelle det kjem, så er de herved advart! Dåke for ta de som det er, for det er sånn eg er... "For sånn er jeg og sånn er det" som programmet på nrk3 super heiter!!!
Men berre sånn at det er sagt, sjølv om eg ikkje er så aktiv med å skrive innlegg så er eg inne å les på andre sine bloggar.
Og eg er ikkje heilt dåtte av denne "daglege-bilder-på-nett" trenden, for eg HAR faktisk instagram og det er vel der det skjer mest for min del!
Så om du vil så bilder frå mitt verkelege og daglege liv, heilt usensurert må du gjerne følge meg #kristinesande
Og så vil eg berre sei tusen takk til dei som faktisk les bloggen min:-) super kjekt om og når dåke legg igjen kommentarar! Da synes eg e so koseleg! Og så prøver eg sjølvsagt å svare!
Håper alle dåke gode menneske der ute har det bra og er friske:-)
Vil berre legge ved eit bilde som eg fann her for ikkje så lenge sidan! Av meg og mi kjære bestemor❤ som forlot oss i august 2012! Det var så utruleg godt å finne dette bildet!
Snille gode ❤Mosta❤ eg tenker på ho kvar dag....
Kristinebu
søndag 27. januar 2013
søndag 11. november 2012
Farsdag
Denne helga har vi vore heime hos mine foreldre. Bror med dame og barn og ein venn av familien har også vore her! Så det har vore fullt rundt bordet til alle måltid:-)
No er det berre oss igjen og no skal vi kose oss med kake til kaffien!
God farsdag til alle fedre:-) og fin sundag til alle andre!
No er det berre oss igjen og no skal vi kose oss med kake til kaffien!
God farsdag til alle fedre:-) og fin sundag til alle andre!
torsdag 8. november 2012
Kreativ med barn
Etter å ha sett utfordringa “kreativ med barn” på bloggen “Huset ved
fjorden” fekk eg lyst å bidra med eit forslag.
Eg har fleire gangar sett i gang med prosjekt med min (snart) 2-åring,
men har ikkje komt så lang som å dele det med andre.. og no når eg fekk sjangsen vart det
litt vanskeleg å velge berre ein aktivitet….
Han er, akkurat som meg, veldig glad i å gjere ting med hendene
sine. Og kvar gang eg finn fram strikketøyet, bake utstyr, papp/papir og tegne
saker, kjem han og vil vere med..
Men tilbake til utfordringa. Dei fleste aktivitetane vi har gjort
saman krev litt forarbeid av mor, for å minske ventetida for småen. Tolmodighet
er ikkje det så mykje av, så ting må skje fort.
Bakemester harepus
Vi fann ut at vi ville tjuvstarte litt på julebaksten og for nokre
veker sidan lagde vi kvite kakefigurar. Kjempe moro J
Eg finn fram og måler opp rett mengd ingrediensar, slik at det er lett
og fort gjort for den lille bakemesteren å delta.
Theodor rører ivrig, det er stor stas! Litt vanskeleg å la vere å
smake på deigen…
Kjekt for dei små å få lov til å prøve seg… Ein lyt heller berre
tåle litt søl og gris! Kva gjer ein vel ikkje for å ha GLADE
barn.
Vi var berre heilt nødt til å prøve å stikke ut nokre figurar! Vi
fekk besøk litt seinare på dagen av nokre søskenebarn som og var med å baka.
Kjekk og enkel aktivitet, når ein voksen er med å hjelper litt til.
Etter kakene var ferdig steikt så måtte vi prøvesmake… (dei vart
kjempe godeJ)
Kakemenn er og fine å male på og dekorere, men det rakk vi ikkje i
denne omgang. Her tok tolmodigheita slutt for lille-mann og, så det får vi
prøve neste gang
Oppskrift på kakemenn:
700gr sukker
5 dl mjølk (eg pleier å bruke lett mjølk)
200 gr smør (smelt og avkjøl)
1 kg kveitemjøl
6 ts hornsalt (viktig at det ikkje er gammalt)
1/2 ts kardemomme
Bland saman mjølk og sukker først. Ha så i resten av det "tørre" og smøret.
Steikast på 170 grader midt i ovnen i 10-15 min. Avkjøl på rist
Pynt med konditorfarge eller melisglasur
PS. Deigen kan med fordel stå kaldt natta over.
Her hos oss er det i allefall stor stas å få vere med å bake.
Andre aktivitetar vi har gjort med Theodor er:
gips avstøyping av handa!
Då laga vi trolldeig og la i ei firkanta form på ca 20x20 cm.
Theodor stakk handa nedi og vi blanda og tømte gipsblandinga oppi.
Theodor fekk male når handa var ferdig tørka
Finger/handmaling og teikning
Er alltid ein "safe" aktivitet med dei små. men med litt hjelp og tilrettelegging så kan dei lage utruleg masse flott!
Eg har latt Theodor tegne og rable med dei fargane han vil og så har eg klipt ut eit motiv, ramma inn med hjerteforma passepartout. Kjempe stilig!
Ein annan morosm ting som vi oppdaga heilt tilfeldig, var dette
Hadde skrive navna våras med dymo og limt på tegne bordet til Theodor... Det blei jo morsomt, så den ideen er under utvikling....
Kanskje eg skal kaste ballen vidare og få andre sine idear på kva ein kan fargelegge over :-)
(hugsar frå då eg gjekk på barneskulen at vi pleidde å legge blad frå dei ulike trea under arka når vi farga)
Vel vel, dette vart mitt bidrag til "Kreativ med barn"
Vart litt av kvart... håpar noko fell i smak!
Ein annan morosm ting som vi oppdaga heilt tilfeldig, var dette
Kanskje eg skal kaste ballen vidare og få andre sine idear på kva ein kan fargelegge over :-)
(hugsar frå då eg gjekk på barneskulen at vi pleidde å legge blad frå dei ulike trea under arka når vi farga)
Vel vel, dette vart mitt bidrag til "Kreativ med barn"
Vart litt av kvart... håpar noko fell i smak!
tirsdag 6. november 2012
Hjelp, kva har skjedd??
I kveld når eg omsider har fått sett meg med pc'en for å lage eit nytt blogg innlegg har det skjedd noko rart!
Det har komt fleire koblingar på sida mi på eldre innlegg..
Er dette noko alle andre ser, eller er det berre på min pc det har tulla seg?
Kan nokon hjelpe meg???
tirsdag 30. oktober 2012
Skappel-spetakkel...
Eg sa lenge at eg kom nok ikkje til å strikke nokon skappel gensar, men eg lot meg rive med eg og. Så no har eg ikkje berre ein, men to gensarar eg held på å strikke!
Ein grå-lilla melert til meg og ein lilla til lille Ingrid:-)
Eg skal i allefall greie å gjere ferdig den lille gensaren... Verre med den store!
Eg blir litt rastlaus når eit prosjekt tek for lang tid! Då begynner eg på eit nytt og meir spennande... Og så veks dungen i prosjekt kassa mi... Off... Er det nokon som kjenner seg igjen?
Ein grå-lilla melert til meg og ein lilla til lille Ingrid:-)
Eg skal i allefall greie å gjere ferdig den lille gensaren... Verre med den store!
Eg blir litt rastlaus når eit prosjekt tek for lang tid! Då begynner eg på eit nytt og meir spennande... Og så veks dungen i prosjekt kassa mi... Off... Er det nokon som kjenner seg igjen?
Abonner på:
Kommentarer (Atom)





