onsdag 4. februar 2026

Saue på gang


Eg såg bilde av desse på nettet, litt usikker på kor. Eg vart iallfall inspirert til å sy dei. Tenkte eg måtte finne meg eit vårlig stoff i tillegg til teddy stoffet. Lett og jille å sy.



Del for del, ferdig stappa med vatt. Bare til å sy dei i hop.




Måtte ut og lufte dei, men dei passar best inne i vindaugskarmen :))


 Såg nesten litt frostig ut. Det er bare i starten av februar ennå,  men våren nærmar seg. og det at lam kjem ut er eit godt vårtegn.

Klem
Lilla dør

tirsdag 3. februar 2026

Gås/geese


Litt småsøm på hytta.....
.


Mala nebb og fot. Vrengsydde sjølve kroppen.
 

Så få vi se kva eg skal bruke dei til :) 


Klem
Lilla dør

søndag 18. januar 2026

Heim til jul-vottar


Strikka dei i Vamsegarn fra Rauma. designer  RIta Nygård Andersen
.

Tova dei i vaskemaskina etter at dei var ferdig strikka på 40 grader. Lurte på om eg skulle ha gjordt det ein gong til men det vart med den eine gongen. Jo meir tova,  jo varmare.  Var veldig kjekke og snarstrikka votter, må være perfekt gåvestrikk til jul igjen.



 Klem 
Lilla dør

lørdag 10. januar 2026

Teppe til barnebarn nr 9



Teppet er strikka i finull (raumagarn), her er stripe fargane. Aftenstrikk sitt mønster


Perfekt bilstrikk, sjølv om det tok si tid. var grunn større enn eg hadde trudd men jillt arbeid.



Å sy desse radene på tvers tok si tid, nøyktighetsarbeid men fin effekt av det.







klart til bruk...... 


 Klem
Lilla dør

lørdag 27. desember 2025

Julegave frå barnebarn


Sjå dei fine småfata eg og gubben fekk hjå to barnbarn på 3 og 5 år. Blir stas og ha frokosten eller kaffikoppen med noko attåt på
.

Jillt med slike julegaver. Her er både hjerte, engel og julekrybbemotiv, kunst på høgt plan. Takk for gaven gutter


 Klem
bestemor

onsdag 17. desember 2025

Barneforkle


Hadde eit "kjøkkenstoff" liggande i lageret. Sydde to forkle til dei to eldste barnebarna.
.


Klar til bruk, reknar med å få smake av alt det gode dokke lager. Kjempeflinke!


 Klem
Lilla dør

tirsdag 16. desember 2025

Toalett vesker x 2




Acufactum stoff med julemotiv i to ulike fargar. Ha hatt liggande til godgjering i stofflageret. Stoffet er kjøpt på Lappelykke for ei tid tilbake....har spart litt på det. Men no vart det to fine toalettvesker til barnebarna. Brukte mønsteret til Annka. tripp-trapp-tresko. Sydde den største størrelsen.





Nesten like men ulike farger


 Klem
Lilla dør