Judas Iskariot er ein av dei tolv disiplane til Jesus i kristendomen. Ifølgje Det nye testamentet forrådde han Jesus. Å forråde er å gå bak ryggen på nokon, svikte dei eller sladre på dei. Judas hjalp romerske soldatar som leitte etter Jesus med å finne han. Han synte soldatane kven i gruppa som var Jesus ved å kysse han. Det førte til at Jesus blei kasta i fengsel og så blei drepen på korset.
Historisk sett er det vanskeleg å vite kven Judas eigentleg var og kva rolle han spelte.