søndag 10. april 2011

Det finst Dancing Queens, og det finst Ski Queens. 



Ski-Queen Gjetost 
(pronounced 'yet-oast')
Norway's traditional brown, fudge like cheese is made from a blend of cows' and goats' milk. Its unique sweet taste is caused by the natural caramelization of the milk sugar or lactose during production.

lørdag 19. mars 2011

In Memoriam Swix-hua,
som forsvann ein stad mellom 14 St og 34 St på M-linja mot Queens.
Ho er sårt sakna.
Og slik ser i-fonen Coney Island og Brighton Beach:







 Mykje rammer på desse bileta, men eg gidd ikkje fiksa.

Etterpå var me tilfeldige gjester i ein jødisk-russisk bursdag. Der fekk me servert vodka og sylteagurk, og vart underhaldne av både triste balladar og spenstig dansemusikk. Bursdagsbarnet såg ut til å fylla om lag 125. Han tok seg ein svingom med bursdagskaka si i hendene, og lata fleire gongar som om han skulle mista ho i dansegolvet. Eg får sitera poeten; It's a celebration bitches. L'chaim!
Sist helg tok me turen til Coney Island og Brighton Beach saman med I. og H. J. Kanskje litt tidleg på året for strand og tivoli - særskilt sidan karusellområdet ikkje opnar før i midten av april - men det var fint å sjå hav og å trakka i sand. Sola skein til og med!




Det var ikkje så mange andre enn oss som ville til havet, og difor fekk me togvogna for oss sjølve siste biten. 

torsdag 17. mars 2011

På tysdag feira me Anel sin gebursdagsmånad med fine, og gode!, kaker.

lørdag 12. mars 2011

På tide med eit oversyn. Nordover, mot Central Park, Harlem, Washington Heights:

Nordaustover, mot Queens (Chrysler-bygningen til venstre på biletet):

Sørover, mot Brooklyn (Williamsburg Bridge over East River, finansdistriktet til høgre. Me bur i Alphabet City, som ligg til venstre på biletet, om lag midt på, ikkje så langt frå elva):

Sørvestover mot New Jersey - sola skin over Hoboken:



søndag 27. februar 2011

Nei, no flyttar me. Leilegheita vår er kald og skiten, den luktar gass og røykt kjøt, senga vår er skeiv og restauranten i første etasje speler høg musikk kvar natt. I gata utafor slåst folk, eller skrik at dei gjerne vil slåst. So long, Williamsburg.


Dei neste tre nettene skal me bu på hotell på Times Square. Reint sengetøy, morgonkåper, TV, frukostbuffet - det skal bli så bra! Og onsdag flyttar me til supre East Village.