Avaldsnes har mange historiske minne, dei eldste frå eldre steinalder (Fosna buplass, om lag 9000 år gammal, Utvikgrend). Frå bronsealderen vart det på 1800-talet registrert 42 store gravhaugar på Blodheia og 56 på Kongsheia, vest for fylkesveg 47. Av desse 3500 år gamle haugane er 6 bevarte. Dei største har ein diameter på 40–50 meter og er 5 meter høge. Frå jernalderen er det òg fleire haugar, den største er Flagghaugen med mellom anna rike gullfunn, sjå Avaldsnesfunnet.
På Avaldsnes hadde Harald Hårfagre kongsgard. Olav Tryggvason bygde ei trekyrkje på grunnen til kongsgarden, og rundt 1250 vart Olavskyrkja, dagens Avaldsnes kyrkje, reist her av Håkon Håkonsson. Den er vigsla til Heilage Olav og er blant dei største mellomalderkyrkjene i landet utanfor byane. Kyrkjen vart restaurert i 1929. Tett ved kyrkja står Jomfru Marias synål, ein seks meter høg bautastein som lutar seg inn mot kyrkjeveggen. Segna fortel at Jorda vil gå under når spissen berører kyrkjeveggen. Det er grunn til å tru at hanseatane oppretta det første kontoret sitt i Noreg på Nottå, ved kongsgarden. Kongsgarden vart brunnen av hanseatane i 1368.
Ved Avaldsnes kirke ligg Nordvegen Historiesenter i eit særprege bygg kor meisteparten ligg under bakken. Det har utstelling om Karmøy og Avaldsnes sin historie gjennem 3000 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.