Bolstadfjorden er ein fjord i Vaksdal og Voss kommunar i Vestland, som ligg i sørleg og austleg retning frå Vikafjorden til Bolstadøyri. Elva Vosso (Bolstadelvi), som fører laks og sjøaure, renn ut i Bolstadfjorden ved Bolstadøyri.
Fjorden er 16 kilometer lang. To av sunda i fjorden er berre 100 meter breie og det kan bli ein del straum. Særleg gjeld dette ved utløpet ved Straume der fjorden kalles Bolstadstraumen. Ved munninga er det ein 7000 år gammal buplass, Skiphelleren. Ved Straume er det òg eit lite museum som mellom anna viser det spesielle fisket frå ein såkalt laksegilje, ein slags fiskeplattform.
Langs sørsida av fjorden går Bergensbanen og E 16 på strekninga Voss-Bergen.
Namnet kjem av norrønt Bólstaðir 'Bolstad', fleirtalsform av bustad, opphavleg namn på gard ved fjordbotnen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.