Michelle er eit fransk kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Michel.
Michelle (kvinnenamn)
Personar med namnet Michelle
Kulturell bruk
- Songen «Michelle» (The Beatles).
Kjende personar med namnet Michelle
Eit utval personar med namnet Michelle, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Michelle Bachelet (1951)
- Michelle Pfeiffer (1958)
- Michelle Kwan (1980)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 474 kvinner i Noreg som hadde Michelle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 12 jenter som fekk namnet Michelle.
Utvikling i bruk av namnet
Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009. I tillegg til Michelle, som var mest brukt 2005–2009, gjeld dette til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell.
Utvikling i bruk av namnet Michelle frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.