Per Olaf Lundteigen er ein norsk politikar for Senterpartiet som var stortingsrepresentant frå Buskerud 1993–1997 og 2005–2025. Han var leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag 1986–1992.
Per Olaf Lundteigen
Faktaboks
- Fødd
- 18. april 1953, Øvre Eiker, Buskerud
- Verke
- Bondeleder og politiker
- Familie
-
Foreldre: Gårdbruker og tømmermåler Einar Lundteigen (1924–2016) og ligningssekretær Bertha Ek (1927–).
Gift 1982 med konsulent Guri Kjenseth (5.1.1955–).
Bakgrunn
Per Olaf Lundteigen er fødd i Øvre Eiker. Han voks opp på Vestfossen i Øvre Eiker, frå 1967 på garden Gommerud i same kommune, som Lundteigen overtok drifta av i 1988.
Han gjekk vidaregåande skule i Hokksund og vart sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole på Ås 1977. Han vart da sekretær i Norges bondelag. Seinare var han prosjektleiar i Ringebu kommune, forskar i Budsjettnemnda for jordbruket og, frå 1983, fylkesagronom i Buskerud. Frå 1986 til 1992 var han leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag, samstundes med at han frå 1982 vart gardbrukar på Gommerud.
Politisk karriere
Som leiar av bonde- og småbrukarlaget vart Lundteigen snart ein profilert samfunnsdebattant. Han sette seg føre å samle bøndene til kamp mot det han meinte var ein forfeila landbrukspolitikk som ikkje makta å sikre norsk matvareproduksjon, matvaretryggleik og busetjing i distrikta. Han markerte seg ikkje berre som ein refsar, men òg som ein mann med klåre visjonar for eit alternativt samfunn bygd på grøne verdiar. Utover i 1990-åra engasjerte han seg stadig sterkare som ein frontfigur i kampen mot norsk EU-medlemskap og i debatten om frihandel. I desse sakene viste han òg sine evner som alliansebyggjar, mellom anne til fagrørsla og miljørørsla.
Etter Senterpartiets gode valg i 1993 vart Lundteigen stortingsrepresentant for Buskerud. Han etablerte seg raskt som ein av dei mest aktive og omdiskuterte politikarane i landet. Han oppnådde mykje merksemd med utspel om alt frå naudsynet av «å stå opp tidleg om morran» til at Noreg burde ha ein allsidig og moderne vareproduksjon («Noreg bør produsere vaskemaskiner»).
Lundteigen mista mandater sitt på Stortinget ved valet i 1997. Medan Senterpartiet hausten 1997 danna regjering saman med Venstre og KrF, vart Lundteigen generalsekretær i partiet 1997–1999. I 1999 vart Lundteigen statssekretær i Kommunaldepartementet og vart der til sentrumsregjeringa gjekk av i 2000.
Per Olaf Lundteigen var leiar av Buskerud Senterparti 2000–2003 og medlem av Øvre Eiker kommunestyre i perioden 2003–2007.
Han fekk ikkje tillit hos veljarane i stortingsvalet 2001, men i 2005 kunne han igjen ta sete i Stortinget og satt i fem perioder til han frasa seg attval ved Stortingsvalet 2025. Han var første nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen 2011–2013 og i arbeids- og sosialkomiteen 2021–2025.
Andre verv
Lundteigen var nestleiar i Omsetningsrådet 1987–1991 og medlem 1992–1993, medlem av Inntektsutjamningsutvalet 1987–1988, medlem i Landbrukspolitisk utval 1987–1990 og medlem av rådet for Makt- og demokratiutgreiingsutvalet 1998–2003.
Utgjevingar
Lundteigen gav ut boka Annerledeslandet – som ikke er seg selv nok saman med Anne K. Grimsrud i 1997, der dei argumenterer for å ta vare på tradisjon og kultur og samtidig ha visjonar om å ville noko betre.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kristen Rusaanes: Norsk biografisk leksikon 2
- Stortinget i navn og tall 2005-2009, 2006
- R. Madsen: Motstraums, Senterpartiets historie, bd. 2, 2001
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.