Faktaboks

Svein Harberg
Fødd
30. juli 1958, Bergen, Vestland
Stortinget.

Svein Harberg er ein norsk politikar for Høgre som var stortingsrepresentant frå Aust-Agder 2009–2025. Han var første visepresident i Stortinget 2021–2025.

Bakgrunn

Svein Harberg kjem frå Bergen og er utdanna driftsøkonom frå NKS i 1982. Han var senterleiar ved Odden butikksenter i Grimstad 1988–1993 og salssjef ved Selektiv Invest i 1993–1999. Harberg var sjølvstendig næringsdrivande og dagleg leiar i mellom anna Ønskekjøp, SH Agentur, SH Reiser, Harberg AS og Trainee Sør frå 1983 til 2009.

Politisk karriere

Harberg var medlem av Grimstad kommunestyre 1999–2007 og ordførar 2003–2007. Han var leiar i Aust-Agder Høgre 1993–2009. Han var medlem av Aust-Agder fylkesting 2003–2007, av fylkesutvalet i Aust-Agder i 2007–2009 og medlem av sentralstyret i Høgre 1993–2009.

Frå 2009 var Harberg stortingsrepresentant frå Aust-Agder. Han var leiar av familie- og kulturkomiteen i 2013–2017 og nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen 2017–2021 og andre nestleiar 2021–2025. Han var parlamentarisk nestleiar i Høgre 2018–2021. Frå 2021 til 2025 var han og første visepresidentStortinget. Han tok ikkje attval i 2025. Han har arbeidd særleg for å synleggjere Aust-Agder, for betre samferdsel og for gode oppvekstvilkår for barn og unge.

Andre verv

Han var medlem av styret og redaktør i Radio Grimstad 1990–1996, medlem av styret til fotballklubben Jerv 1991–2000, medlem av Agderrådet 2003–2007, varamedlem i styret for Agder renovasjon 2003–2007, leiar av styret for Stiftelsen Grimstad Bys Museer 2005–2009 og nestleiar i Fjæreheia Amfi frå 2024.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg