Veronica er eit kvinnenamn frå kyrkjelatin. Lenger bak har det opphav i makedonsk Beronike av gresk Phere-nike som tyder ‘den sigerbringande’.
Veronica (kvinnenamn)
Personar med namnet Veronica
Kulturell bruk
- Den svensk-nederlandske trubaduren Cornelis Vreeswijk (1937–1987) syng om Veronica.
Kjende personar med namnet Veronica
Eit utval personar med namnet Veronica, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Veronica Maggio (1981)
- Veronica Kristiansen (1990)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 790 kvinner i Noreg som hadde Veronica som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Kvinnenamn med minst tre stavingar har oftast utanlandsk opphav. Dei som endar på -a, var lite brukte på 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Desse namneformene var på topp omtrent samtidig – Veronika (1975–1979), Veronica (1980-åra). Den internasjonale stavemåten Veronica har sidan år 1900 vore brukt 2,8 gongar meir enn Veronika.
Utvikling i bruk av namnet Veronica frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.