Kallenamn er tilnamn eller tiltalenamn som ikkje er det same namnet som førenamnet til ein person. Kallenamn kan ta utgangspunkt i personens eigentlege namn ('Kalle' kan til dømes vere kallenamnet til ein som heiter Karl), vere eit kjælenamn (Tullemor) eller ha eit anna opphav.

Mange førenamn har opprinneleg vore kallenamn.

Kallenamn kan ha mange former og funksjonar — dei kan vere forkortingar eller endringar av eit namn, eller namn som viser til eigenskapar, utsjånad, rolle, opphav eller situasjon.

Kallenamn oppstår ofte i uformelle eller sosiale samanhengar, og blir gjerne brukt i omgang med vener, familie eller i ei gruppe der det eigentlege namnet på personen anten er vanleg eller krev differensiering. Døme på danning:

  • Forkortingar eller kjæleformer av førenamn (som «Kalle» for Karl).
  • Skildrande namn basert på utsjånad, eigenskapar eller hendingar (til dømes om ein fotballspelar blir kalla «Myggen»).
  • Namn som gjev identitet eller tilhøyrsle i ei gruppe eller miljø.

Kallenamn er relatert til nærståande nemningar som:

  • tilnamn, som er namn eller ord som blir lagt til eit personnamn for å skilje personar med same namn eller uttrykke karakteristiske trekk
  • kjælenamn, som uttrykkjer nærleik eller godhug
  • aukenam og utnamn, som ofte er spottande eller nedsetjande og blir brukte for å latterleggjere eller kritisere ein person

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg