25 oktober 2010

Gudmund Gryt



Tysdag 12.oktober blei han bror Øyvind og ho Julianne foreldre til en skjønning! Meldinga var klar: "Eit barn er oss fødd, ein son er oss given. Haslebakken kvilar på hans akslar og han skal kallast Gudmund."
Helsing ei stolt tante Ellisiv!

24 oktober 2010

Alltid budd!


Gunmar Grimstad! Ein speidar gjennom tidene har fått den heideren han fortener!

25 april 2010

2001 vs. 2010

Eg pakkar og pakkar og er stadig like overraska over kor mange kasser det blir. Så lite som det enn ser ut til å vere når det er plassert rundt om i leiligheta. Berre det lisje kjøkenet mitt fylte åtte kasser. Sidan eg må ta flyttinga litt i etapper, så måtte eg la det vere igjen eit sett med asjett, skål, glas og bestikk. Då eg plasserte det i den tome hylla, kom eg rett tilbake til Breisås 2 i Bø i Telemark, august 2001. Då skulle eg starte på idrett grunnfag. Eg var nettopp ferdig på Ten Sing Norway, og hadde aldri før budd på hybel. På det fyrste bilde ser du bestikkskuffa mi slik ho såg slik ut fyrste dagen...



...på det andre bilde er kjøkenhylla i leiligheta mi slik ho ser ut idag.

Snart ferdig...

I dag er det den 25.april, og det einaste som står att av arbeid i huset er å male nokre lister og ein liten vegg. Vi starta 20.februar og har iallefall siste månaden brukt utallige timar i huset. Pappa mest, så eg, og i tillegg har eg hatt hjelp av ein onkel, nokre brødre og fleire kjekke jenter. Eg er veldig takknemlig for all hjelpa eg har fått! 1.mai skal eg vere ute av leiligheta og på plass i huset. Målet, denne veka som kjem, er å få alle tinga mine inn i huset. Plassering får kome etterkvart.

Det har vore mykje maling, ein del legging av ny isolasjon, takplater og veggplater med ALT det fører med seg. No forstår eg kvifor det tek tid å pusse opp. Eg har lært mykje verdifullt i løpet av desse to månadane! Her kjem nokre bilder frå arbeidet.

Det måtte leggast nytt tak i finestova pga lekkasje.
Pappa diskuterar plassering av takplater med Tord.
Vi tok ut smily-doen som var på kjøkenloftet(jada...).
"Ditte e nostalgi!" sa pappa. Leikarhytta blei laga då han pappa var 8 år. Altså for over 50 år sidan. Ho er gamal og er forbi sine glansdagar, så no endte ho sine dagar på bålet.
Tord fjernar malingsrestar frå unøyaktig maskering.
Solveig, Dagny og Reidun stilte opp og vaska ned huset! Takk!

Gard set saman Billy-hyllene frå IKEA.
Etter endt arbeidsdag. Pappa, Gard, Tord og Ida. Takk!

Hehe...når eg er lite heime skjer dette. Og eg har vore lite heime dei siste to månadane.

01 april 2010

Påskevêrhistorisk tilbakeblikk

Eg meiner at snøen bør vere borte frå Hareid når det er påske. Slik er det nemlig kvart år, og det har iallefall vore slik sia år 2000. Trudde eg. No har eg leita gjennom bilda mine og funne ut at det ikkje er heilt sant. Her får du eit tilbakeblikk på påskevêrhistoria til Hareid nokre år tilbake.

Påska 2010. Flekksnø og smeltande, men fortsatt mykje, is på vatna. Tørre vegar, snø på markane.
Påska 2009. Grilling på Alme. Berre snø i fjella.

Påska 2008. Snø på markane, tørre vegar. Kakaopause på gangvegen på Hjørungavåg.

Påska 2007. Nektar å tru at dette er på Hareid.

Påska 2006. Snø i ballbingen og snøfritt på Alme.
Tord selde sjela si for 420 kroner.
Påska 2005 fann eg ingen bilde frå, så då seier vi at det ikkje var snø!;)
Påska 2004. Bittelitt snø ved Grimstadselet og snøfritt på Holesanden.
Påska 2003. Snøfritt på Holesanden. Måtte berre ta det med!:)


Altså, det har nok ikkje vore snøfritt kvar påske på 2000-talet. Greit nok. Men det har vore fleire, og vi har hatt mulegheit til å grille-ein kjekk påsketradisjon!:)

Ein månad igjen

I år blei påskeeggmaling bytta ut med husmaling. Prosjektet har begynt å ta form, og eg har sagt opp den leiligheita eg bur i. 1.mai skal leiligheta vere ferdigvaska og nøklane skal leverast. Det er akkurat ein månad til. Det som står att før eg skal flytte inn er maling av ein gang, nokre lister, dører og vinduskarmar. Eit rom skal dekkjast med veggplater og eine stova med takplater. Om det sisnemnte vert ferdig før eg flyttar inn, er usikkert, men mesteparten skal stort sett vere i orden. Også snøen-den skal vere borte! Eg gler meg!

Var innom bruktbutikken på Hareid ein dag, og der fann eg TV-benken som du ser på bilda under. Veldig fornøgd fordi der er rilledører!

14 mars 2010

K for kjøken



Dette er det eine kjøkenskapet mitt i dag. Til å ha eit veldig lite kjøken, så er der faktisk greit med skapplass. Likevel har eg klart å lage eit altmuligskap med ildfaste former, serveringsskåler, kaffi, bakevarer, litermål, serviett, bordskånar, kaffifløtemugge, oppskrifter og meir. Ein av tinga eg gler meg til med å få nytt kjøken er størrelsen og skapplassen. Eg gler meg til å ha eit skap, hylle eller skuffe for kvar sort "kjøkenting". Bakevarer i eit skap, koppar på ei hylle, reiskap i ei skuff. Bilda under skal primært vise oppbevaringsplassen på det nye kjøkenet.


Til høgre skal komfyren stå.


Til høgre på dette bilde skal oppvaskmaskina stå.
Kjøkenet er stort sett grønt. Kjøkeninnreiinga er grøn og tapeten er småblomstra grøn, kvit og oransje. Dette skal eg stort sett la vere slik det er. Det som har blitt gjort på kjøkenet er maling av tak, lister, vinduskarm, flisene over komfyren og over vaksen og inni skapa og skuffene og så har pappa og Onkel Ola har lagt nytt golv(bilde kjem i ein seinare post). Eg vil og ha ny benkplate, og så skal der inn ny vifte.

27 februar 2010

H for hus



Eit skritt vidare i livet. Eg skal få større plass. Eg skal ha to stover; daglegstove og finestove. I daglegstova skal eg ha sofa, TV og kamin. I finestova skal eg ha Billy-hyller med vitrinedører, to stolar som skal stå slik at vi kan sitte å sjå ut det store vindauget, muligens eit spisebord som skal brukast når eg byd inn på ein betre middag og ein peis.

Eg skal ha eit kjøken som har meir skapplass enn eg treng, og som har oppvaskmaskin. Eit spisskammers som har endå meir plass, og som er kaldt. Eg får eit stort grønt bad. På loftet skal eg ha eit soverom og eit eige syrom der symaskina skal stå framme og soffet ligge synleg i hylla. Eg får og fleire gjesterom. Velkomen! I kjellaren er det endå fleire rom enn kva eg treng. Og viss du vil ut å fiske, så står fiskekjellaren slik farfar brukte den. Dette huset har altså tilhøyrt farmor og farfar. Det vart bygd rett etter krigen, og finpussa i fleire etapper etter det. No held eg på å skal gjere det triveleg for meg. Det er stort sett maling det går i, og eg får hjelp. Heldigvis!

Dette er noko eg er klar for. Klar for meir plass og klar for å bli Grimstad-taus igjen. Det er det eg er! Så snart; takk og farvel til livet på Bigset. No blir det H for hus!:)

26 februar 2010

B for blogg

Velkomen tilbake! Jo, takk skal du ha! Etter mykje dårlig samvittigheit og fleire etterlysingar, så skal eg nok ein gong prøve å bli flinkare til å blogge! Så fylg med!