NORSK GRAMATIKK ORDKLASSER SETNINGER  SETNINGSLEDD
ORDKLASSER Konjunksjonar Adjektiv Preposisjonar Pronomen Interjeksjonar Substantiv Adverb Verb
KONJUNKSJONAR Konjunksjonane fungerer som "lim" i språket; dei bind saman ulike ord, ledd, setningar og uttrykk.  Det er vanleg å skilje mellom  sideordnande  og  underordnande  konjunksjonar.
SIDEORDNANDE KONJUNKSJONAR Desse bind saman ord, setningsledd eller setningar av same slaget dvs. at dei kan binde saman to eller fleire substantiv, eller verb eller adjektiv osb.  Dei kan også binde saman subjekt, objekt, og andre setningsledd, t.d.  Per og Kari går i lag.  (Her bind vi saman 2  subjekt )  Eller dei kan binde saman heile setningar.  Du kan sjå på fjernsyn,  eller  du kan lese ei bok.   Dei sideordnande konjunksjonane er:  Og, eller, men, for, både - og, anten - eller, korkje - eller.
UNDERORDNANDE KONJUNKSJONER.  Desse bind alltid setningar i lag, dvs. dei  knyt ei leddsetning i lag med heilsetninga.   Vi har 8 ulike underordnande konjunksjonar:  SKÅFFT VV S amanlikningsk. K onjunksjonen: At Å rsaksk. F øremålsk. F øljek. T idsk. V edgåingsk. V ilkårsk.
Tids konjunksjonane:  Fortel noko om tidspunkt for ei hending ol.  Dei er:  då, når, medan (mens) før, etter (at), så snart (som), etter kvart som, kvar gong.   Då eller når?   Det kan vere eit problem om ein skal nytte  då  eller  når.   Då eg hadde spist ferdig, ringte det på døra  Når eg spise, vil eg ikkje bli uroa .   Ein regel seier "Den gong -  då " mens "Kvar gong -  når ".  Ei bør også sjå på kva tid av verbet vi nyttar.  Då  er oftast knytt til  preteritum , medan  når  oftast er knytt til  presens .
Årsakskonjunksjonar:  Årsakskonjunksjonane er:  av di, fordi (for di), sidan   ( Sidan  du har vore så flink..........)
Vilkårskonjunksjonar:  Vilkårskonjunksjonane er:  dersom, om, viss, berre, utan .
Vedgåingskonjunksjonar:  Vedgåingskonjunksjonane er  enda/endå, endå om, sjølv om, trass i at .
Føremålskonjunksjonar:  Føremålskonjunksjonane er  for at, så .
Følgjekonjunksjonar:  Følgjekonjunksjonane er:  slik at, såleis at, så...at .
Samanlikningskonjunksjonar:  Samanlikningskonjunsjonane er:  (slik) som, likesom, enn
Konjunksjonen at  I tillegg har vi konjunksjonen  at  som innleier dei fleste  substantiviske leddsetningane.   Ho sa  at  ho ville seie opp jobben sin.
Denne presentasjonen er laget av Jeanette Tranberg  Kilde:  http:// fuv.hivolda.no /prosjekt/ gunnarborseth / index.htm

Norsk