Kneet er det største leddet i kroppen. Eit ledd er ei sambinding mellom to knoklar. Kneet er sambindinga mellom låret og leggen.
kneet
Kneet er leddet mellom låret og leggen. Kneskåla vernar kneet litt ekstra på framsida.
Kneet er leddet mellom lårbeinet og tibia. Lårbeinet har to knutar dekt av brusk nedst. Øvst på tibia er det to flate område som også er dekt av brusk. Brusken er farga lyseblå.
Oppbygging
På denne figuren er kneet bøygd og kneskåla fjerna. Kneleddet ligg mellom lårbeinet og tibia. To bruskskiver, meniskane, ligg mellom knoklane og dempar støyt. Korsbanda og sidebanda held knoklane saman.
Kneet er bygd opp av:
- knoklar
- brusk
- meniskar
- leddband
- kneskål
Inni leggen er det to lange knoklar. Desse er forma som røyr. Den tjukkaste knokkelen heiter tibia. Kneleddet ligg mellom lårbeinet og tibia. Det tynnaste beinet i leggen er ikkje ein del av kneleddet. Lårbeinet har to knutar nedst. Botnen av kvar knute er avrunda og glatt. Det tjukkaste leggbeinet har ei ganske flat skål øvst. Knutane skal liggje i skåla, og rulle mot den som ei hengsle når ein bøyer og strekkjer ut kneet, men delane passar ikkje heilt saman.
Langs kantane av skåla i leddet finst det nokon skiver som er laga av brusk. Desse blir kalla meniskar. Brusk er mjukare enn bein og meir formbart. Meniskane er likevel sterke nok til å tole stor belasting. Meniskane gjer at enden av lårbeinet og starten av det tjukkaste leggbeinet passar betre saman. Dei dempar òg støyt og hindrar skade på beinet.
Inni kneet finst det sterke band som held knoklane saman. Desse blir kalla krossband. På utsida av kneet er det òg sterke band som held alt på plass. Dei heiter sideband.
På framsida av kneleddet ligg kneskåla. Baksida av kneet blir kalla knehase.
Rundt knoklane og banda er det blodårer, nervar og musklar. Heilt ytst er kneet dekt av hud.
Funksjon
Kneet blir først og fremst brukt til å bøye og strekkje beinet. Dette skjer ved hjelp av musklar. Muskelen som strekkjer kneleddet, sit på framsida av låret. Når ein bruker den muskelen, rettar ein ut beinet. Musklane som bøyer kneet sit på baksida. Nokre av bøye-musklane blir kalla hamstringar. Det er ganske vanleg å få strekk i hamstringane om ein driv med ein idrett som krev brå og kraftig bruk av musklar. Dette gjeld til dømes om ein spring eller spelar fotball.
Dei to knea ber vekta av heile kroppen. Kneleddet er bygd på ein måte som gjer at ein kan gå stødig og ikkje vingle.
Skadar
Det venstre kneet har hovna opp etter ein akutt skade.
Ein kan dele kneskadar i akutte skadar og skader som kjem av slitasje. Akutte skadar kjem plutseleg. Skadar som kjem av slitasje, kjem over tid.
Banda som held kneleddet saman kan plutseleg bli skada. Dette skjer gjerne i samband med idrett. Kneskåla kan kome ut av ledd. Dette skjer særleg om ein vrir foten på ein uheldig måte. Menisken kan både få akutt skade og bli sliten over tid.
Av og til kan ein få det som blir kalla «vatn i kneet». Det kan kome av fleire ting, til dømes leddgikt, beinbrot eller skade i delar av leddet. «Vatn i kneet» betyr at det samlar seg for mykje væske der. Kneet hovnar då opp og blir vanskelegare å bevege på. Det kan gjere vondt.
Mange eldre menneske får etter kvart artrose. Det er ein sjukdom i knea som gjer at brusken blir sliten. Då kan det gjere vondt å gå.