Eit termometer viser temperaturen. Dette termometeret viser frå minus 10 grader til pluss 50 grader. Det kan også skrivast på denne måten: frå -10 °C til + 50 °C.

Foto av termometer.
Av /Store norske leksikon.

Temperatur er eit mål for kor varmt eller kaldt noko er. Temperatur blir målt med eit termometer med ein temperaturskala. I Noreg og dei fleste andre land måler ein vanlegvis temperatur i gradar celsius. Celsius blir forkorta med symbolet °C. Andre mål for temperatur er kelvin og fahrenheit.

Temperatur og energi

Varme er energi. Temperatur seier noko om kva veg energien bevegar seg når to ting ligg inntil kvarandre. Energi blir overført frå den tingen som har høgast temperatur til den tingen som har lågast temperatur.

Varmeleiing

Inni noko som er varmt bevegar atoma seg veldig raskt. I noko som er kaldt bevegar atoma seg saktare. Nokre stoff er betre til å overføre varme enn andre. I desse stoffa kan atoma lettare røre på seg. Ulike metall er døme på slike stoff.

Det absolutte nullpunktet

Temperatur heng saman med kor mykje atoma rører på seg. Difor er det slik at til lågare temperaturen er, til saktare bevegar atoma seg. Det absolutte nullpunkt er det kaldaste noko kan bli. Då står atoma heilt stille. Det er aldri målt noko som er så kaldt.

Celsius

I Noreg og nesten alle andre land måler ein temperatur i gradar celsius. Symbolet er °C. Celsius er knytt til vatn. Vatn frys til is ved null gradar celsius og koker ved hundre gradar celsius. Når temperaturen er lågare enn null gradar, set ein eit minusteikn framfor talet. Dette blir kalla for kuldegradar eller minusgradar. I denne temperaturskalaen har det absolutte nullpunktet ein temperatur på –273,15 °C. Det motsette av kuldegradar er varmegradar, eller plussgradar.

Kelvin

Kelvin er ein temperaturskala som blir brukt i vitskaplege arbeid og forsøk. Symbolet for kelvin er K. I kelvin-skalaen er det absolutte nullpunktet 0 K. Vatn frys ved 273,15 K. Skalaen for celsius og kelvin er knytt til kvarandre. Ein skilnad i temperatur på éin grad celsius er like stor som ein skilnad på éin kelvin.

Fahrenheit

Fahrenheit er ei måleining som er vanleg i USA. Symbolet for fahrenheit er °F. På fahrenheitskalaen frys vatn ved 32 gradar fahrenheit, og det kokar ved 212 gradar fahrenheit. I nokre andre land der språket er engelsk, brukar dei både celsius og fahrenheit.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jostein Mamen
Forsker i meteorologi, Cand.real., Meteorologisk institutt