I Noreg er amazonitt vanlig å finne som pegmatitter. Mineralet er særleg kjend frå Evje, Tørdal og Sørfold.
I Agder er mineralet kjent frå Evje og Iveland der dei er funne i pegmatitt i ulike feltspatbrot. Den flottaste amazonitten kjem frå brotet Landsverk 1 i Evje.
I Telemark er amazonitt å finne mellom anna Drangedal, Nissedal og Tokke. I Drangedal er det kjend frå Skarsfjell, dei to brota i Høydalen og frå Heftetjern. I Nissedal kunne ein finne bleikgrøn amazonitt i gråbergtippen til Søftestadgruvene. På Tokke så er det funne amazonitt i ein pegmatitt på Spafjell.
I Øvre Eiker i Oslofeltet er det avdekt amazonittpegamtitt på Bakstevalåsen.
Frå Lom og Skjåk ved Jotunheimen er amazonitt funnen både i pegmatitter og i gneis. Frå Lom, innenfor Jotunheimen nasjonalpark er det funne i små pegmatittar i Gokkergjelet og Glittergjeldet, og dessutan Memurudalen. Frå Skjåk er han funnen i stripete gneis ved Brennsetra ved Liavatnet. Vidare nord-aust til Oppdal i Trøndelag er mineralet og funne i stripete gneis i Åmotsdalen. På Øyensskavlen i Namsos finn ein ein liten pegmatitt med sterkt farga amazonitt langs den smale ryggen opp mot toppen av fjellet.
I Nord-Noreg finn ein amazonitt i pegmatitter i mellom anna Tysfjord, Tjeldsund og Sørfold der ein kan finne flotte krystallar. I Tysfjord, i dei gamle brota på Jennyhaugen og i Grønnehole ved tettstaden Drag kan ein finne bleikgrøn amazonitt som vart teke ut i store mengder medan burddene var i drift. Inst i Hellmofjorden, ein av fjordarmane Tysfjorden, kan ein ved Hellmobotn finne ein smal langstrokke pegmaittgang med flott amazonitt og andre sjelde mineral. På Kjerstadfjellet på Tjeldøya i Tjeldsund er det funne amazonittpegmatitt med vakkert blå beryll, fluor-schörl og dei sjeldne minerala arsenofluoceritt og mikrolitt. I Sørfold har ein funne amazonittpegmatitt ved Tennvatnet med flotte, skarpe krystallar av amazonitt saman albitt, fluor-schörl og hematitt. Med grundig jobbing gjennom mange år og tidkrevjande bestemmingar har ein funne over 60 mineral her, mange av dei nye i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.